Last bits of Easter
Eg skulle gjerne hatt påske noken dager til. Det trur eg også dei små heime hadde ønska og kompromisset mitt med den minste i heimen blei at påskepynten skulle få stå noken dager til.
- A grateful heart is a magnet for miracles -
Så her sitt eg, med kaffekoppen og det lille av påskepynt som vart dekorert i år. Sett bort i frå malte påskeegg som har fått pryde trollhassel ved inngangspartiet og sjølvlagde potter med auge og fjær til heimesådd karse. Og eg kjenner det er heilt greit. Så lenge dei små er fornøyd er eg fornøyd. Dei siste åra, kanskje spesielt det sist året, har eg kjent meir og meir på behovet for å minimere - og heller vere svært så glad i og fornøyd med det eg faktisk har eller det nye eg kjøper meg.
Ser ein spesielt på eldre generasjoner ser ein ofte det er pynt frå topp til tå, vinduskarmer er fylt opp til randen av ulike gjenstander og det vert bytta fargar på inventar og gardiner alt etter sesong og høytid.
Ikkje misforstå - det har sin sjarm. Og det er heilt rett når eg kjem på besøk til familie av eldre generasjon. Men det er ikkje rett for meg. Å ha ein masse ting uten mål og meining. Uten verdi. Uten verdi for meg. Og dette kjenner eg godt fordi eg hang meg på trenden ein gong eg også. Handla inn for å fylle opp - gjerne på impuls - for å sleppe å sjå tomme områder. For å ha det ein burde ha og pynte med det ein burde pynte med.
I dag er eg mykje meir bevisst på kva eg handler. Eg handler framleis ein del interiør og eg elskar å dekorere, plassere og skape vår heim. Forskjellen er nok at eg i større grad går for det klassiske, det tidlause, ting eg veit eg kjem til å vere glad i i mange år framover. Eg går for det eg liker (og her blir ein sjølvsagt inspirert både frå eine og andre kanten), pluss at eg brukar mykje meir tid på å tenke over. Plassere i hodet og finne fleire løsninger til den eine tingen. Eg reflekterer, studerer og overveier det eine framfor det andre.
Og ikke minst er eg fornøyd med det eg kjøper og fornøyd med at lista over ting eg ønsker å kjøpe ein gong i tida er svært reell og til tider kan vokse seg svært så lang. Men det er litt av sjarmen, synast eg. Å ha og vere fornøyd med - og å ønske seg og vere fornøyd med det også. Og vete at ein dag - ein månad - eitt år - då er det igjen tid for ein oppgradering eller eit innkjøp og lista blir litt mindre.
For slik eg ser det lever vi i eit svært så materalistisk samfunn. Målet er å ha og kanskje ein kjøper over evne eller går rundt og tenkjer at ein ikkje har råd heile tida. Eit lite tips til deg som kjenner deg att i sistenevnte - slutt å fortelle deg sjølv at du ikkje har råd. Det fører berre med seg negative tanker kring deg sjølv og din situasjon. Forsøk i større grad (øve) å tenke at den tingen/reisa og lignande, treng du ikkje no og det er ditt eiga valg å ikkje kjøpe den. Med eit har du teke kontrollen over følelsene og tankene dine, du tek styring og får eit meir positivt bilde på din situasjon.
Noken tanker og eit lite tips frå meg på ein fredag <3 No skal eg gjere meg klar til ny ultralyd på dei små. Sola skinner, eg kjenner det kriblar i magen i forhold til korleis dei små har utvikla seg og ser fram til å avslutte byturen med ein kaffe i sola. Ønskjer de ei super helg!
#kaffikoppen #tanker #materalistisk #interiør #påske #samfunn
Victoria Larsen
06.04.2018 kl. 14:00whitecorner
07.06.2018 kl. 13:24