hits
  • 31.03.2018, 11:09

Cuteness overload cause it´s Easter


- Happy Easter and a cuteness overload for breakfast - 

God lørdag og riktig god påske.

Påsken 2018 er i god gang og her har alle hatt fri siden sist helg. Det har betydd kos, utflukter, grilling og familietid. Eg har til og med fått lurt inn litt opprydding mellom slagene. Nydelig.

Og været dette året har også vore upåklagelig. Sol nesten alle dager, kaffe i solveggen og skogsturer nærer virkelig både kropp og sinn. 

I utgangspuynktet hadde vi mulighet til ei veke på Geilo - men grunna dobbelmagen og det faktum at vi nærmerer oss uke 30 la vi Geilo på hylla for i år. Og egentlig er eg glad for det, sjølv om vi sa frå oss snø og skiføre - for påske på Vestlandet med skog, hav og hagekos er også nydelig. 

No skal siste rest av kaffen nytast, dei småe har vore i påskereira som vi laga i går og funnet snop og skattekart til seinare då den store påskeggjakta begynne og vi skal gjere oss klare til ein tur ut i sola.

Ein nydeleg påske ønskast :)

 

 

#påske #påske2018 #easter #høytid #interiør #borddekking #cutenessoverload #cuteness #påskedekorasjon

  • 12.03.2018, 09:09

Warm in winter - it´s still snowing outside


- Ull er gull - 

Og heimestrikk er det noke spesielt med. Det er kjærlighet i plagget, noke nostalgisk og fint. 

Denne fine ullcardiganen er super stor, mjuk og herlig. Og ikkje nok med det, det er ei av mine gamle barnehagetanter som er kunstneren bak. For eg kan dessverre ikkje strikke. Ei hue i ny og ne - går til nød, men noke som skal bli eit plagg, noke anna ein rett og vrange masker kan eg sjå langt etter. Om det er tålmodighet til å lære eller eg rett og slett ikkje har det i fingrane, veit eg ikkje. 

Derfor er eg super glad for at eg har fine mennesker rundt meg som meistrer.

Oppskrift og tråd er henta fra Skappel, om noken vil forsøke seg. 

Og medan eg sitter her ved pc`en min og ser ut, daler snøen fremdeles lett ned. Og vi er snart i midten av mars. Vi får nyte synet (sjølv om lengsel etter vår kjem meir og meir for kvar veke som går) litt til, mens eg tuller meg inn i ull, skriv ei bursdagshelsing til mamma og gjer meg klar til ein bytur. I dag skal eg nemlig på ny ultralyd av dei småe i magen. Det blir stas og spennande. Og eg kjenner tida går fort. Veke 27 no og vi går snart inn i siste trimester. Oppdatering av mage, babyer og min form kjem!

I mellomtida ha ein fin mandag og strålande veke. Husk - den blir som man ønskjer og arbeidar for <3

 

 

 

#ull #knit #fashion #mote #todays #dagens #minmote #vintermote #vintermote18 #antrekk #gravid #tvillinggravid #ventertvillinger
 

whitecorner

Hei. Jeg er en drømmer, skapskribent og elsker når hjerte hopper av visuelle inntrykk og inspirasjon. Målet med bloggen er å lage mitt univers, et sted der jeg kan dele litt av hvem jeg er, få utløp for noe kreativitet i hverdagen og et sted man kan få inspirasjon og drømme seg litt bort. Jeg ønsker deg hjertelig velkommen og sier tusen takk for at du vil bruke litt tid i mitt univers. Følg meg gjerne på Instagram - @my_whitecorner

Search

Bloggdesign