hits
  • 06.04.2018, 08:39

Last bits of Easter


Eg skulle gjerne hatt påske noken dager til. Det trur eg også dei små heime hadde ønska og kompromisset mitt med den minste i heimen blei at påskepynten skulle få stå noken dager til. 

 - A grateful heart is a magnet for miracles - 

Så her sitt eg, med kaffekoppen og det lille av påskepynt som vart dekorert i år. Sett bort i frå malte påskeegg som har fått pryde trollhassel ved inngangspartiet og sjølvlagde potter med auge og fjær til heimesådd karse. Og eg kjenner det er heilt greit. Så lenge dei små er fornøyd er eg fornøyd. Dei siste åra, kanskje spesielt det sist året, har eg kjent meir og meir på behovet for å minimere - og heller vere svært så glad i og fornøyd med det eg faktisk har eller det nye eg kjøper meg.

Ser ein spesielt på eldre generasjoner ser ein ofte det er pynt frå topp til tå, vinduskarmer er fylt opp til randen av ulike gjenstander og det vert bytta fargar på inventar og gardiner alt etter sesong og høytid. 

Ikkje misforstå - det har sin sjarm. Og det er heilt rett når eg kjem på besøk til familie av eldre generasjon. Men det er ikkje rett for meg. Å ha ein masse ting uten mål og meining. Uten verdi. Uten verdi for meg. Og dette kjenner eg godt fordi eg hang meg på trenden ein gong eg også. Handla inn for å fylle opp - gjerne på impuls - for å sleppe å sjå tomme områder. For å ha det ein burde ha og pynte med det ein burde pynte med.

I dag er eg mykje meir bevisst på kva eg handler. Eg handler framleis ein del interiør og eg elskar å dekorere, plassere og skape vår heim. Forskjellen er nok at eg i større grad går for det klassiske, det tidlause, ting eg veit eg kjem til å vere glad i i mange år framover. Eg går for det eg liker (og her blir ein sjølvsagt inspirert  både frå eine og andre kanten), pluss at eg brukar mykje meir tid på å tenke over. Plassere i hodet og finne fleire løsninger til den eine tingen. Eg reflekterer, studerer og overveier det eine framfor det andre.

Og ikke minst er eg fornøyd med det eg kjøper og fornøyd med at lista over ting eg ønsker å kjøpe ein gong i tida er svært reell og til tider kan vokse seg svært så lang. Men det er litt av sjarmen, synast eg. Å ha og vere fornøyd med - og å ønske seg og vere fornøyd med det også. Og vete at ein dag - ein månad - eitt år - då er det igjen tid for ein oppgradering eller eit innkjøp og lista blir litt mindre. 

For slik eg ser det lever vi i eit svært så materalistisk samfunn. Målet er å ha og kanskje ein kjøper over evne eller går rundt og tenkjer at ein ikkje har råd heile tida. Eit lite tips til deg som kjenner deg att i sistenevnte - slutt å fortelle deg sjølv at du ikkje har råd. Det fører berre med seg negative tanker kring deg sjølv og din situasjon. Forsøk i større grad (øve) å tenke at den tingen/reisa og lignande, treng du ikkje no og det er ditt eiga valg å ikkje kjøpe den. Med eit har du teke kontrollen over følelsene og tankene dine, du tek styring og får eit meir positivt bilde på din situasjon. 

Noken tanker og eit lite tips frå meg på ein fredag <3 No skal eg gjere meg klar til ny ultralyd på dei små. Sola skinner, eg kjenner det kriblar i magen i forhold til korleis dei små har utvikla seg og ser fram til å avslutte byturen med ein kaffe i sola. Ønskjer de ei super helg!

 

#kaffikoppen #tanker #materalistisk #interiør #påske #samfunn

  • 04.04.2018, 10:00

Grønn morgen


- Ein grønn smoothie for nybegynnare som meg sjølv - 

Eg skreiv i sist innlegg at eg ville forsøke å implementere meir grønne morgener til min kvardag - og i dag blei det grønt til frokost (les; nesten lunsj da morgenkvalmen er begynt å snike seg på igjen). 

Egentlig synes eg det er litt tiltak og lage smoothie, både når det kjem til smak, ingredienser og opprydding. Mykje enklare å berre ta seg ein yogurt eller eit knekkebrød. Samstundes tenker eg at det handler om vaner og erfaring. Når eg blir vant med det, går det sikkert lettere og eg veit meir kva som smaker bra samen. For er det ein ting eg er nøye på, er det at eg faktisk skal like det. Heit unødvendig å tvinge i seg noke berre fordi det er sunt eller skal gjere godt. 

Så da satt eg inn støtet i dag og lagde meg ein grønn ein. 

Og den vart god.

Og ikkje var det mykje stress å rydde opp att heller. 

Win - win - og det frister faktisk til gjentaking. 

- Oppi glasset har eg - 

- ein ferdigpose frå Rema 1000 - trur det var med grønnkål, mango og banan.

- I tillegg tok eg oppi omlag ein cm ingefær,

- omlag 2 dl mandelmelk usøta,

- safta frå ein halv sitron,

- ein tskje chiafrø og

- chillipulver. 

  • 03.04.2018, 10:00

- Hello April -


- Drømmer om lysare kveldar, sol og fuglekvitter - 

Då har vi avslutta mars måned og så vidt "touch´a" borti april. Mars måned har for meg vore god. Den har vore prega av vinter og kulde, bestått av maleprosjekter, riving av vegger og gulv (der eg har observert og peika, mens min kjære samboer har utført jobben), ryddesjau i rom, skap og skuffer, inneleik på barnerom og tidlige kveldar.

No er eg imidlertid klar for lysare kveldar, kjenne at sola varmar, observere at knopper kjem til liv og bladar og gras vert grønne og meir uteleik med store og små. 

Tenkte eg kunne dele noken momenter for meg den kommande månaden - både for inspirasjon og for at eg har ein forkjærlighet for lister og planer.

<3 Fokus på rolege morgentimar, gjerne med litt meditasjon eller lett yoga (her snakker vi strekkeøvelser).

<3 Grønn start på dagen - både i form av ein kopp matcha te og frokostar.

<3 Finne fram vårgarderoben (hvert fall det som enda passer) som blant anna skinnjakker, blazere og lette joggesko. Holi makaroni - eg er klar for vår, altså.

<3 Sukkerdetox - eller avvenning om ein vil. Eg har lenge hatt eit ønske om å bli meir eller mindre sukkerfri, uten å heilt få det til. Sukker er jo sååå godt og finnes i alt. Samstundes som eg veit at kroppen ikkje har noke godt av det og det er på hundrevis av andre erstatningar for kos som både kan kjøpast og lagast. Så etter ein påske med mykje godt og kos, frister det veldig å forsøke på nytt. 

<3 Holde orden på oppussinga og ommøblere/dekorere når den er ferdig. 

<3 Bygge ferdig redet, som vil seie å gjere det nye babyrommet heilt ferdig, vaske opp resten av kle/utstyr og bestille inn siste rest til dei små.

<3 Varme drikker og lesing i bøker -  noke eg ser veldig fram til. Eg har nettopp fått fire nye bøker i posten. Sjølv er eg ingen bokelskar i forhold til for eksempel skjønnlitteratur og lignande, men eg er svært glad i bøker knytta til personleg vekst, utvikling og reflekterende haldningar. Om noken er gode, kjem det sikkert ein anbefaling. 

<3 Gje rom for og prioritere kveldsbad og egenpleie.

<3 Vere meir ute i det fri, både i form av utflukter og uteleik. 

#helloapril #nymåned #april #mål #planer

  • 02.04.2018, 13:46

Tvillingene og meg - uke 30


- I´m at the point of pregnancy where if something falls on the floor it is  D e a D  to me - 

Magen vokser, vekene går og nå er vi runda 30 veker av graviditeten. Hjelpes, no går det fort. Spesielt med tanke på at lengden på eit tvillingssvangerskap gjerne blir definert som 37 veker. 7 veker igjen. 7 veker til å fullføre prosjekt her heime, til å roe ned med dei andre små i huset og til å sjølv slappe av. Og følelsen av ambivalens rundt nedkomst av desse to små er også svært tilstedet. Noken dager ønsker eg berre kroppen min tilbake - eller rettere sagt bevegeligheten, mens andre dager går det nesten ikkje opp for meg at om kort tid sitt eg med to små babyer i hendene og følelsen av at svangerskapet har flydd av gårde er stor. Surrealistisk <3

Tenkte eg skulle prøve meg på ein liten oppdatering sidan sist, som vil seie ti veker sidan. 

- Tvillingane i magen - 

Eller rettare sagt lillebror og lillesøster. For det blir nemlig ein av kvar - og slik det ser ut til no er at det er jenta som kjem til verda først. Lillesøster har med andre ord lagt seg i hodeleie i bekkeninngangen, mens lillebror framleis ligg på tvers under ribbeina mine. I forhold fødsel speler det visst ingen rolle korleis tvilling nummer to ligg - og alt ligg til rette for ein normal fødsel, om jenta ligg i ro der ho er. Det vil altså seie at lillebror i sin fulle meining blir lillebror i familien og er berika med tre storesøstre. I forhold til størrelse går eg jevnlig til vekstkontroller av dei små og min erfaring er at dei små i stor grad følger estimatet til graviditetsappen - noke som gjer at den blir flittig besøkt i løpet av vekene som går. Per no blir dei små estimert til omlag 36 cm og rundt 1500g. Noke som er heit uvirkelig å tenke på. At eg faktisk har 72cm baby i magen (der eg tidligare har hatt omlag 50 cm baby i magen rundt veke 40). 

Ellers står det at lanugohåret som babyene har begynner å forsvinne, lunger, muskler og hjernen fortsett utviklinga og skjelettet deira blir stadig sterkare. 

Ell

- Mammakroppen -

I forhold til meg og min kropp er magen hvertfall kommet, sjølv om den kom seint. Trur det faktisk gjekk fram til veke 24 før eg vart utprega gravid. Før det kunne eg skjule det i stor grad, om eg ønska. Men dei siste vekene har den vokset i rekordfart og eg er nesten redd for dimensjonane den kan kome i om den fortsett slik. 

Sjølv om magen i noken grad har vore liten, har likevel følelsen av å vere sprengt i magen vore der fra ca veke 20-22. Og det kan sjåast på symfysemål gjort av jordmor. Der har eg lagt på tre til fire veker større i livmoren enn antall veker og gnaging og nummenhet i spesielt høgre ribbein er gjerne daglige ubehageligheter. Spesielt om ettermiddag/kveld. Uten om dette klør eg framleis ein del og det går ein del olje og feite kremer for å helde det i sjakk. 

Sett bort i frå desse ubehagelighetene, har eg det egentlig utrulig bra. Eg har ingen spesielle vondter, bekkenet er heilt fint og eg er stort sett blid og fornøyd. Noke eg er kjempe takknemlig for og som gjer dagane våre mykje bedre enn dei i utgangspunktet kunne vere. 

Dei siste vekene skal brukast på å få inn siste rest til dei små. Det som gjenstår er berre ei vogn, bilstolar og ein stelleveske (les; ransel). Samstundes held vi på å pusse opp litt i stova og gangen, noke som er magisk - og vi må få henge opp ting på babyrommet og flytte litt om på baderomsartikler og stellebord. Per no blir hovedbadet i andre etasje mest brukt - men sidan vo har soverom nede og vi faktisk får to små babyer som skal byttast og bærast på, er planen å benytte oss av badet nede i stadenfor. Sjølv om det er mindre, vil det likevel vere meir praktisk for oss, spesielt når eg er aleine med dei små.

Så er det berre og ruge - og vente. Vente på ein ny kvardag og to små vindunder. 

 

#gravid #gravidoppdattering #tvillinggravid #svangerskap #tvillingssvangerskap #babybump #gravidmage #uke30

whitecorner

Hei. Jeg er en drømmer, skapskribent og elsker når hjerte hopper av visuelle inntrykk og inspirasjon. Målet med bloggen er å lage mitt univers, et sted der jeg kan dele litt av hvem jeg er, få utløp for noe kreativitet i hverdagen og et sted man kan få inspirasjon og drømme seg litt bort. Jeg ønsker deg hjertelig velkommen og sier tusen takk for at du vil bruke litt tid i mitt univers. Følg meg gjerne på Instagram - @my_whitecorner

Search

Bloggdesign