hits
  • 22.06.2018, 11:57

Den finaste sommarlakken


... er i år denne.

Lakken heiter Sunkissed, kjem frå Dior og er ein blanding mellom rosa og svak ferskenfarga. Akkurat passe søt, med eit preg av ein nude look. Og sjøl om sommaren glimtar ed sitt fråvær per no, tek eg denne på neglene og skapar sommarvarme inne i stadenfor.

Ha ein fin fredag, fine <3

 

#neglelakk # beauty #negler #mote #sommarmote2018 #neglelakk #skjønnhet

  • 21.06.2018, 14:58

Live in the moment - it may surprise you


Og i dag overraska eg virkelig meg sjølv. 

Først må eg begynne med at eg er ingen trener. Har vært støttemedlem på treningssenter dei siste 5 åra før eg sa opp abonomentet i graviditeten - og kan med handa på hjerte innrømme at eg sikkert har trent der 20 ganger på 5 år. Om ikkje mindre. Nesten flaut og sei og irriterande med tanke på pris. Eg er all inn for god helse og kostnadar knytt til det - men når det ikkje vert brukt er det berre dumt. Og når eg var student hadde eg noken år der eg var flittig på treningssenteret og var faktisk godt trent. Men - og eit stort men - motivasjon var å bli tynnere, meir fit fokus på utsjåande. Når eg på magisk vis ikkje blei slik eg ville, mista eg motivasjonen og slutta.

Anyway!

Så har eg nettopp født tvillinger og allereie dagen eg kom heim frå sjukehuset, fekk eg ein treng til å gå på joggetur. Eg satt i kveldssola på terassen og hadde eigentleg lyst å skifte til treningsklær og springe meg ein tur. What - tenkte eg for meg sjøl - og kosta vekk den tanken uten at det har hatt noken effekt. Tanken og ønske har vore der kvar dag - og ikkje med ein fokus på utsjåande, men på kroppen og helsa mi. På ein form for adrenalinrush, ein form for glede over kroppen og kva den er i stand til og ein form for egentid. Full musikk på ørene og vind i ansiktet. 

Og i dag på gåturen vår - søkte eg ut dette. Med dobbel barnevogn og tre lag med klede (altså ikkje kledd for jogging, der gitt) forsøkte eg beina etter gammalt og det gjekk over all forventning. Det enda med 3 km sammenhengande jogging og ein mestringsfølelse herifrå til himmelen. Kropp er topp. 

Og på spørsmål om eg kjem til å gjere det igjen, svarer eg at det fristar til gjentakelse - om ikkje så lenge. For kroppen min. For helsa. For meg sjølv. For adrenalin og mestringsfølelse. 

 

 

#trening #postpregnant #jogging #helse #livsstil #treningettergravid #tvillingmamma

 

  • 19.06.2018, 09:49

Sliky fresh feet in the summer


 

You learn a lot when you´re barefoot.

The first thing is every step you take is different.

 

- Nelipot -

(n.) one who walks barefoot

Om sommaren går ein barfot, seiast det.

Vel eg  går egentlig barfot heile året rundt - om ikkje kulden gjer sitt til at eg må ha ullsokker eller sånt. Om ikkje sprader eg som oftast med nakne føtter - både i heimen og i sko. 

Trikset for at eg kan gjere dette, spesielt i forhold til å ikkje bruke sokker i sko, er sånne fotsprayer som ein får kjøpt både på skobutikker og blant anna hos fotpleiere. Slike har blitt ein lifesaver og eg har dei både på klesrommet, på yttertøyrommet og sjølvsagt i veska. Denne eg har på bildet fant eg på Bianco. Den luktar fresht, bidrar til god lukt på føttene og den gjer faktisk føttene mjuke.

Me love <3

Og visste du at det har helsemessige effekter å gå barfot? Vel det har det visst - og det seiast at om du berre går 5 minuttar barfot om dagen kan det blant anna bidra til bedre søvn, bedre kroniske muskelsmerter, PMS, energinivået, bedre balansen din, stress og immunforsvaret ditt. Om dette er reelt har eg ingen erfaring med eller formeining om, men at det er godt å la "tottene" få litt luft innimellom, det er eg overbevist om. 

 

 

#mote #skjønnhet #antrekk #sommermote #trend #sommermote2018 #Levis #antrekk #velvære #skjønnhetspleie #skjønnhetsprodukt #fotspray

  • 17.06.2018, 14:44

Worry Less. Smile more. It´s Sunday.


- Black pins in my hair and some Sunday tips - 

Søndag er dagen for å roe ned. Finne balanse. Smile.

Og du trenger ikkje blank dag for å roe ned og finne balanse. Du trenger ikkje senga og Netflix 24 timar for å koble av og bli klar til ei ny veke. Det handler om mentalitet. Det handler om din indre ro. Meir enn ein roleg dag. 

Misforstå meg rett - det er vel fortjent og heilt innafor med søndager uten nokon form for gjeremål - men for mange av oss (inkludert meg sjøl) og spesielt om ein har barn, finns det ingen dager uten gjeremål, plikter og andres behov ein også må dekke. Det eg derimot har lært meg er at det handler om det indre for å skape ro. Og søndag er perfekt dag å skape denne på - og gjerne beholde den store delar av veka. 

Eit tips for å skape denne indre ro er å gjere ting saman som gjer deg noke positivt og som gjerne er rolege aktiviteter. Dette kan vere leike med dei små, gå turar, finne fram handarbeidsaktivitetar og lignande. Og ein kopp kaffe eller te til den vaksne. Gjere ting i "slow motion", vere i nuet i aktivitetene og ikkje tenke på alt anna ein skulle, må og burde gjort. Ved å ta bort desse momentene, vert ein automatisk meir roleg innvendig og ein kan kjenne ein form for balanse.

- Think in "slow motion" and you can live your life in full speed - without feeling tired or stressed out - 

Så søndagane våre i heimen går gjerne i full fart, men opplevast likevel som sakte og fredelege. Og det er ein øving. Det er noke som er kommet over tid - gjerne i form av faste rutinar (sjølvpleie), refleksjon kring kva eg vil vere og korleis eg vil leve livet mitt og ein dose sjølvutvikling ettersom årene går. For om eg har vært den stressa typen - og kontrollfreaken, jepp. Og eg er der enda, berre i meir kontrollerte former.  

Ha ein god, roleg og balansert søndag, fine dåke<3

 

#hår #hårfrisyre #klemmer #hårklemmer #hårmote #sommermote2018 #fashion #mote #selvutvikling #mindfullness #søndag #søndagstips #selvutvikling 

  • 15.06.2018, 18:23

I adore no. 5


- A real good house fragrance - 

At eg elskar at heimen luktar friskt og har alltid ein eller annen form for romduft eller duftlys i nærheten, er ingen hemmelighet. Det gjer meg rett og slett glad. Og eg er veldig var/sensitiv for nye luktar - både i positiv og negativ forstand.

Ein dag når eg tusla på kjøpesenteret og hadde siste innkjøp før fødselen, gjekk eg forbi Bolia. Der måtte eg faktisk stoppe opp litt. Ikkje av noko eg såg (sjølv om det alltid er mykje fint der altså), men av duften som kom frå butikken. Eg vridde meg om og fòr inn i butikken og berre måtte spørre kva som lukta så godt. Og der var denne lille saken over - ein romduft. Magisk god lukt, så god at eg faktisk måtte sikre meg duften både i sprayform og som duftpunnar.

Og eit lite tips på ein fredag  til deg som er like glad i romdukter som meg - eg deler gjerne opp duftpinnane ogi to ulike beholdere og setter alltid ein på klesrommet vårt. Då dufter ikkje berre huset godt, men også klærne våre. Og med det tek eg flaska med meg ein tur rundt i huset, før helgekos i form av taco og litt snop ventar for store og dei mellomste. Og eg er spent på om dei små vil vere med eller om dei vil sove. Time will show! 

Ha hvertfall ein super fredag - det skal eg <3

  • 14.06.2018, 13:32

Den perfekte mammafrisyren og kvardagen med tvillingane


- Mammafrisyren - 

...har sidan tvillingane kom til verda, vært to sånne pariserfletter. Eg trur ikkje eg tuller når eg skriv at eg har gått med det 90 % av tida. Det har gjerne berre vært ein dag innimellom uten - og då med krøller frå flettene. Eg synast det er veldig deilig å få håret bort frå ansiktet når eg har to små og vere og stelle med + at det dei siste vekene har vært umåteleg varmt ute. I tillegg synast eg dei er kule og dei er enkle og lage. Og eg likar dei nesten best dagen etter dei er nylaga. Altså litt rufsete og upolerte. Vinn, vinn - for alle og eit lite tips til andre kommande eller nettopp nybakte mødre. Og om du ikkje er heilt stødig på fletter, finnast det tusen instruksjonsfilmar på Youtube. Øving gjer mester.

- Og kvardagen med tvillingane - 

Ellers var tvillingane tre veker i går. Heilt utrulig kor tida går og kor flott det går. Eg kosar meg gløgg i hel (her snakkar ein stolt og ydmyk frå ende til annen ) og kvardagen vår er prega av ro, kos, stelling, mating og framleis det å bli kjent med dei i ulike situasjoner. I går for eksempel var vi ein liten tur på handlesenter for første gong. Det synast eg derimot var litt stress. Ikkje grunna dei små i seg sjølv - dei var rolege og hadde det bra, men i forhold til at eg blant anna ikkje veit om dei likar det, om dei vil ligge i vogna, om det er mykje kav og stress for dei og lignande. Det heile gjekk derimot veldig fint, sjølv om eg konkluderte med på veien heim at det ville bli ei stund til neste handletur, både då dei er småe og sårbare (treng ikkje eksponerast for fleire bakterier enn nødvendig per no) og då eg likar dei rolege dagane i kvardagen desidert bedre enn stress frå eit handlesenter. 

 

 

#tvillinger #tvillingmamma #mamma #mammablogg #livsstilsblogg #livsstil #hverdag #frisyre #flette #fletter #braids #hår #hårfrisyre #pariserflette

  • 13.06.2018, 10:50

Solskinnsfrokost


- Eating is a necessity - but cooking is an art - 

Ein og anna gong synast eg det er skikkelig luksus og ta seg god til til å lage mat. Då likar eg og gå all inn og gjere noke ut av det. I dag vart det yogurt, bær, kokos og nøtter til frokost - og sidan været ikkje var heilt hundre prosent til at retten kunne nytast utandørs - rigga eg meg til i garasjen med mat, blomstrar, kaffe og eit blad. Akuratt som om maten smakar bedre når den nytast utandørs (eller nesten utandørs). 

Til vanlig er eg ellers ei riktig vane-jente. Eg spiser som oftes det samme til både frokost, lunsj og kvelds - og det bør være lette ting som feks knekkebrød, frukt og yogurter. Derfor er det riktig så stas når eg steller i stand og gjer det skikkelig. Kanskje eg i større grad skal begynne og gjere litt meir ut av det enn eg brukar? Variere rettane i noke større grad? Eg har i utgangspunktet lyst å vere sunn og fòre kroppen min med masse sunn og god mat, så meir variert er absolutt ein tanke i dette. Well, time will show - og i så fall skal eg ta dere med på reisa (eller utfordringa, om ein vil). 

Korleis er det med deg? Spiser du ofte det samme eller er du flink å variere? I så fall, kva varierer du med? Kommenter gjerne om du har noken gode tips!

  • 12.06.2018, 11:22

#Todays


- The morning rush calls for jeans and sneakers -

At jeg er svak for jeans og ein tskjorte er heilt på sin plass i denne fasen vi er i no. Morningane våre er kva ein kan beskriva som svært hektiske, med to små babyer som skal ha mat og stell + ei lita til som skal ut døra og i barnehagen. Det vert spennande når eg skal stå for denne kabalen aleine, når mannen i huset skal på jobb igjen. Til dess skal eg nyte at vi er to. 

Både jeansen og tskjorta er ein favoritt. Jeansen er frå Levis - og eg har tipsa om denne modellen i tidlegare innlegg. Eg likar den så godt at eg har den i sikkert fire ulike vaskar og fargar. Tskjorta var eit kjøp mens magen var stor og trengte litt plass. Eit stykke ut i graviditeten kom vi til eit punkt der mine tidlegare topper meir var som magetoppar til meg. Lykken var stor da Samsøe Samsøe laga ganske så store og romslige tskjorter for sesongen. Og eg elskar blomstane, den enkle skrifta og den oransje fargen. 

No derimot skal jakke og sko av og eg skal hive meg rundt på litt husvask mens dei små tek seg ein lur. Vi får nemlig besøk av eit vennepar om få strakser. Det vert kos.

Ha ein super duper tirsdag <3

 

#mote #antrekk #dagens #todays #minmote #fashion #sommermote #sommermote2018 #SamsøeSamsøe #Levis #jeans 

  • 11.06.2018, 09:52

Can you imagine not craving to be different than you are right now?


- You think you need an architect, but you are already a temple - 

Årets første peoner ble handlet inn i helga og sjøl om dei allerede henger litt med hodet, er og blir desse nydelige skapningane mine favoritter. Og eg har åpna dagens affirmasjon eller quote, om ein vil, og vil dele den med dåke på ein litt mindre solfylt mandag enn vi er blitt vant til. På meg minnar dette meg på at mange av oss jager etter endring, utvikling, planer og gjeremål. Vi søker vekst, men det paradoksale er at vi ikkje kan endre noko eller utvikle oss før vi aksepterer oss sjøl og sånn tingene er. Vi er vårt eiget tempel, vi har våre eigne svar på spørsmål vi stillar - det handler om å akseptere og å leite i ein sjøl. 

Og med det ønsker eg god mandag - og om du har andre tanker rundt dagens quote, del dei gjerne. 

  • 11.06.2018, 00:44

Kvardagsmagi no.1


Å avslutte helga med besøk av gode venninner, spise god mat, ha fine samtaler, le sammen og gje kvarandre gode klemmer er kvardagsmagi for meg. Det og påminne seg sjøl om verdien og betydningen av kvardagslege øyeblikk som dette, trur eg gjer ein meir bevisst og takknemlig for det ein har og det livet ein har valgt å leve.

Søndagskvelden har altså vært tilbrakt med venninner, babyer, ost, kjeks og god musikk i bakgrunnen. Heilt perfekt og veldig etterlengta. Også er det stor stas at mine beste venner får helse på dei nye små.

Lykke.

No vert det noken timar på puta, før eg er klar for ei ny veke. Det blir stas.

  • 10.06.2018, 12:15

Prepping my skin with a brush


- A step in my daily morningroutine is dry brushing my face - 

For ein stund siden kom eg over ein super inspirerande instagramkonto og nettbutikk - pureyou.no - i søken etter meir økologiske og naturlege produkter. Og her kom eg over begrepet tørrbørsting for første gong. Ett lett dykk i google-jungelen etter forstod eg at børrbørsting egentlig er ein gamal tradisjon og er kjent for å stimulere blodomløp, fjerne døde hudceller og verke utrensande. I tillegg seiast det at hudpleieproduktene som ein brukar trekker bedre inn i huden, at fine linjer/ryker blir mindre synlig grunna tørrbørstinga si effekt på bindevevet ein har og at jevnleg tørrbørsting kan redusere mørke ringar og poser under øynene. 

Og eg må sei at eg er frelst i denne lille saken min og brukar den kvar morgen, før eg gjer noke anna med huden min. Noken gonger har eg god tid og gjer heile ansiktet (pureyou.no har ein fin beskirvelse og bilde av korleis ein går fram for å børste og andre gonger når eg har liten tid, tek eg berre noken runder der eg føler behov for det, som feks med sinnarynken eller rundt øynene. 

Børsten er frå merket Karmameju - som i tillegg har kroppsbørste og andre hudpleieprodukter.

- Adding a little extra wellness with drops of rosemary - 

Og som eit lite tilleggs-tips er eg veldig fan av eteriske oljer i min kvardag. Rosemary som olje er kjent for sin positive virkning på hud og hudutfordringar, i tillegg til at den hjelper blant anna til økt konsentrasjon, er varmande og bedrer hukommelsen. Derfor tek eg alltid ein dråpe eller to av oljen på børsten før eg begynner. Luktar himmelsk og gjer svært godt for hud og sjel tidlig om morgenen. 

  • 09.06.2018, 10:19

Orange slip on`s and happy weekend


- W e e k e n d   V i b e s -

- Sun, the ocean, slip on`s, a summerhat, babies and good friends...

... are my weekend goals -

Og den setningen oppsummerer egentlig mine planar for helga - pluss god mat. Vi er så heldige å bu nær sjøen og helga skal tilbringas i lette klær, fram og tilbake til sjøen, med fine venner og lette sko. Eg skal lage masse iskaffe, ete jordbær med fløte og nyte sommaren og alle mine fire små. Det finaste eg veit er å observere deira lykke - og no har mellomste funnet badelykken og legg på svøm ved kvar ledige anledning med ein god latter på lur. Verdens finaste følelse kjem av lykken og gleden til andre eg er glad i. 

Håper du får ein fin lørdag og tilbringer den i sola med noken eller noke du er glad i - og som gjer deg glad. 

- Happy weekend -  

  • 08.06.2018, 13:01

Dilla på hårbøyler


- Den lille prikken over ièn...

... er for tida hårbøyler i ulike farger og varianter - 

Eg måtte nesten trekke litt på smilebånda når desse herlighetane viste seg i all sin prakt både i sosiale medier og i butikkene, då minner frå egen barndom strømma på. Eg hadde nemlig dilla på hårbøyler som lita også og jo meir fargar og større dei var, jo bedre og finare, synast eg. Du kan tru eg ikkje var sein med å anskaffe meg eitt par og tre - og har brukt dei flittig sidan då. Hårbøyler gjer eit kvar antrekk - og er eit skikkelig fint bidrag til min ellers så rolege/casual stil.

I dag kjenner eg det er heilt rett og trekke fram denne grønne og blomstrete saken over. Sammen med ein beige chinos og ein kvit enkel topp, skal hårbøylen vere prikken over ièn på ein sommerdag som vi har i dag.

Og du, om du er skeptisk til hårbøylemoten - og som meg får flashbacks frå eigen barndom - er tipset og forsøke det ut likevel.

Kanskje du vert overraska?!

 

#hårbøyle #hårpynt #skjønnhet #beauty #blogg #mammablogg #livsstilsblogg #mote #hårmote #hårmote2018 #trend #sommermote

  • 07.06.2018, 19:02

Iskaffe @home


- Mix of icecubes and milk -

Eg er ein sucker for kaffi (det var faktisk det eg sakna mest gjennom graviditeten) og går og lesker på denne drikken heile dagen om eg kan. Om sommaren pleier eg å mikse den til litt og lager meg alltid ein stor ladning med ekspresso isbiter i fryseren.

Kor deilig er det ikkje med ein forfriskande kaffi i solveggen?!

Det heile er svært så enkelt. 

Eg brukar:

<3 ekspressopulver, lagar vanlig (sterk - sterk) kaffi,

<3 tek den i isbitformar og ventar noken timar eller tre. 

<3 Så fyller eg eit glas med isbiter, mandelmelk (brukar også kokosmelk innimellom) og nokon dråper stevia vanilje.

Voilà - iskaffe @home.

 

#oppskrift #iskaffe #iskaffi #kaffe #matprat #sommerdrikk #kalddrikk #kaffeisbiter #isbiter

  • 07.06.2018, 10:34

Sove kan ein gjere eit anna år


- Trøtt, trøttare - men ohhhh så lykkelig -

I dag kjenner jeg det på kroppen. Lite søvn over lengre tid og eg kjenner kroppen er sliten. Hodet og hjertet er fult av kjærlighet og glede, mens kroppen roper på ro, avslapping og søv.

Etter at tvillingene kom til verden har dagene gått i ett. Og eg har vore full av energi. Adrenalin. Søvn og ro er oppskrytt - har mantraet nok vært. Og eg har farta rundt i huset, med tusen ting å gjere, gått på turar og byssa på dei små (sjølvsagt). I dag derimot, går ikkje dette. I dag blir det fokus på kroppen. På meg. Og på tvillingane. Det blir egenpleie mens tvillingane sover og babypleie og kos når dei er våkne. Det blir kosestund i senga med alle mann og det blir noke heilt enkelt til både middag og kvelds for både meg og dei andre i huset. Og sånn blir min torsdag. Og det er heilt greit. 

Og her kjem dagens viktige tips og ein oppfordring til alle supermennesker der ute. Lytt til dåke sjøl, lytt til kroppen dåkast og kvil når du kjenner behov for det. Kast vekk ord som "skal" og "burde-burde" og berre vær til stade. Pust. Om det så berre er for 5 minutter. Det gjer godt for kropp og sjel. Og det er heilt nødvendig. 

 

#gravid #mammablogg #mamma #hverdagsblogg #livsstilsblogg #tvillinger #babytid #barselstid #babyboble #mindfullness #meditasjon #pust #egentid #egenpleie #antrekk #mote #outfit

 

  • 06.06.2018, 10:02

Lykkerus


Livets magi - i dobbel forstand.

M & L

14 dager er gått siden disse to vidunderene kom til verden - og jeg vet helt ærlig ikke hvor dagene er blitt av. 

Eg lever i lykkerus og nyter kvart eit øyeblikk. Dagane er fulgt opp av mating, kos, soving og atter ein gong kos. Eg veit ikkje kva dag det er eller om det er seint eller tidlig. Eg er i babybobla - og elsker det. Trur eg kan med hånda på hjerte sei at dette er den mest magiske bobla å vere i. Ein slags forelskelse, der ein gløymer tid og stad, gjøremål og plikter. Dagane går i sus og dus - ein stad det er godt å vere.

Så kva har skjedd sidan sist?

Den siste måneden av svangerskapet kjente eg på ein veldig uforutsigbarhet. Eine tvillingen vokste ikke like mykje som den skulle og vi gjekk til regelmessig oppfølging. Då med ein mulighet for igongsetting etter kvar time. Den siste tida var derfor prega av mykje kvile og god mat.

Likevel klarte eg å helde dei små i magen fram til veke 36. Så glad for det - og det skulle vise seg at det ikkje var tvillingane i seg sjølv som skulle bli den største utfordringa, men faktisk min kropp. Dette til tross for at eg følte meg super frisk og fin. Det som skjedde var at eg fekk magevondt i fleire dager, fekk kome inn til kontroll på sjukehuset og vart lagt inn. Der låg eg i eit døgn omlag, mens dei tok fleire forskjellige blodprøver av meg. Heile tida følte eg meg frisk og fin og tenkte vel i grunnen at det heile var litt unødvendig. Etter nokon kontrollprøver får eg vete at blodprøvene er avvikande - i form av høge leververdier og lave antall blodplater. Dei tek ein kontrollprøve til og då den er synkande - vert besluttninga og setje meg i gong. Akkurat der og da. Så då var det berre å hive seg i det - ringe  dei som skulle vere med og sjå fram til at dei småe var ute.

Ein opplevelse utan like og det mest fantastiske eg har vore med på.

I ettertid har eg forstått at dei mistenkte at eg hadde fått noko som heiter Help- syndrom. Ein alvorleg form for svangerskapsforgiftning, som gjerne ikkje har dei samme symptomane som vanlig svangerskapsforgiftning. Eg var likevel svært heldig i form av at det vart oppdaga tidlig og at eg var komen langt ut i svangerskapet, slik at det verken var fare for meg eller dei små. 

No skal vi berre nyte desse to små, bli kjent med dei og starte vår nye kvardag saman <3

 

#tvillinger #tvillingmamma #mammablogg #livsstil #gravid #svangerskap #graviditet #Help-syndrom #svangerskapsforgiftning #tvillinggraviditet #tvillingsvangerskap

whitecorner

Hei. Jeg er en drømmer, skapskribent og elsker når hjerte hopper av visuelle inntrykk og inspirasjon. Målet med bloggen er å lage mitt univers, et sted der jeg kan dele litt av hvem jeg er, få utløp for noe kreativitet i hverdagen og et sted man kan få inspirasjon og drømme seg litt bort. Jeg ønsker deg hjertelig velkommen og sier tusen takk for at du vil bruke litt tid i mitt univers. Følg meg gjerne på Instagram - @my_whitecorner

Search

Bloggdesign