Tvillingene og meg - uke 30
- I´m at the point of pregnancy where if something falls on the floor it is D e a D to me -
Magen vokser, vekene går og nå er vi runda 30 veker av graviditeten. Hjelpes, no går det fort. Spesielt med tanke på at lengden på eit tvillingssvangerskap gjerne blir definert som 37 veker. 7 veker igjen. 7 veker til å fullføre prosjekt her heime, til å roe ned med dei andre små i huset og til å sjølv slappe av. Og følelsen av ambivalens rundt nedkomst av desse to små er også svært tilstedet. Noken dager ønsker eg berre kroppen min tilbake - eller rettere sagt bevegeligheten, mens andre dager går det nesten ikkje opp for meg at om kort tid sitt eg med to små babyer i hendene og følelsen av at svangerskapet har flydd av gårde er stor. Surrealistisk <3
Tenkte eg skulle prøve meg på ein liten oppdatering sidan sist, som vil seie ti veker sidan.
- Tvillingane i magen -
Eller rettare sagt lillebror og lillesøster. For det blir nemlig ein av kvar - og slik det ser ut til no er at det er jenta som kjem til verda først. Lillesøster har med andre ord lagt seg i hodeleie i bekkeninngangen, mens lillebror framleis ligg på tvers under ribbeina mine. I forhold fødsel speler det visst ingen rolle korleis tvilling nummer to ligg - og alt ligg til rette for ein normal fødsel, om jenta ligg i ro der ho er. Det vil altså seie at lillebror i sin fulle meining blir lillebror i familien og er berika med tre storesøstre. I forhold til størrelse går eg jevnlig til vekstkontroller av dei små og min erfaring er at dei små i stor grad følger estimatet til graviditetsappen - noke som gjer at den blir flittig besøkt i løpet av vekene som går. Per no blir dei små estimert til omlag 36 cm og rundt 1500g. Noke som er heit uvirkelig å tenke på. At eg faktisk har 72cm baby i magen (der eg tidligare har hatt omlag 50 cm baby i magen rundt veke 40).
Ellers står det at lanugohåret som babyene har begynner å forsvinne, lunger, muskler og hjernen fortsett utviklinga og skjelettet deira blir stadig sterkare.
Ell
- Mammakroppen -
I forhold til meg og min kropp er magen hvertfall kommet, sjølv om den kom seint. Trur det faktisk gjekk fram til veke 24 før eg vart utprega gravid. Før det kunne eg skjule det i stor grad, om eg ønska. Men dei siste vekene har den vokset i rekordfart og eg er nesten redd for dimensjonane den kan kome i om den fortsett slik.
Sjølv om magen i noken grad har vore liten, har likevel følelsen av å vere sprengt i magen vore der fra ca veke 20-22. Og det kan sjåast på symfysemål gjort av jordmor. Der har eg lagt på tre til fire veker større i livmoren enn antall veker og gnaging og nummenhet i spesielt høgre ribbein er gjerne daglige ubehageligheter. Spesielt om ettermiddag/kveld. Uten om dette klør eg framleis ein del og det går ein del olje og feite kremer for å helde det i sjakk.
Sett bort i frå desse ubehagelighetene, har eg det egentlig utrulig bra. Eg har ingen spesielle vondter, bekkenet er heilt fint og eg er stort sett blid og fornøyd. Noke eg er kjempe takknemlig for og som gjer dagane våre mykje bedre enn dei i utgangspunktet kunne vere.
Dei siste vekene skal brukast på å få inn siste rest til dei små. Det som gjenstår er berre ei vogn, bilstolar og ein stelleveske (les; ransel). Samstundes held vi på å pusse opp litt i stova og gangen, noke som er magisk - og vi må få henge opp ting på babyrommet og flytte litt om på baderomsartikler og stellebord. Per no blir hovedbadet i andre etasje mest brukt - men sidan vo har soverom nede og vi faktisk får to små babyer som skal byttast og bærast på, er planen å benytte oss av badet nede i stadenfor. Sjølv om det er mindre, vil det likevel vere meir praktisk for oss, spesielt når eg er aleine med dei små.
Så er det berre og ruge - og vente. Vente på ein ny kvardag og to små vindunder.
#gravid #gravidoppdattering #tvillinggravid #svangerskap #tvillingssvangerskap #babybump #gravidmage #uke30